Det var på Fiji at Bula-eventyret starta. To amerikanske skibumsar tok turen til Fiji for å surfe. Der blei dei så fasinerte av kulturen og dei folka dei møtte, at dei ønskte å ta ein bit av dette med seg heim til fjella der dei kjørte ski.
Slik kom idéen om å lage fargerike hovudplagg. På denne måten blei Fiji ført til fjellet. Dei starta i ein garasje med ein enkel produksjon av luer, noko som har utvikla seg til også å omfatte ei rekkje andre plagg.
Framleis er fargar og leiken, kombinert med eit fokus på harmoni og det å leve det gode, harmoniske og avslappa livet viktige element. Men også jakta på opplevingar og på utfordringar er viktige for Bula.
© Copyright 2000-2009 All vrights reserved. Skigutane A/S. Tvildemoen, PB 88 5700 Voss. Tlf: +47 56 51 98 00
Publiseringsløsning og E-handel © 2010 Argo Internett AS